Bygdekveld i Øyfjell: Nabokoner møttest for å diskutere varmekablar og vassklosett på 70-talet, f.v. Erle Vinjerui-Bergland, Amanda Testad Vargas, Tilde Sofie Rekaa-Opsalhagen, Vårin Frantzen, Oda Rorgemoen Mohaugen og Sanna Drivarbekk-Åmot.
Aslak Ringhus
Energisk bygdekveld – fann att straumen og redda jolegrantenninga
Straumens lokalhistorie var temaet då skuleungane i Øyfjell tok til scena under årets bygdekveld: «Operasjon joletre».
Etter opningsdansen med lommelykter, møter me dei lokale vaktmeistrane Willy og Valdemar. Dei skal teste at alt er som det skal før jolegrantenninga i Øyfjell, men finn fort ut at det er det slett ikkje. Straumen er nemleg borte. Frå heile bygda.
To lokale detektivar, Oliver og Tiril, blir hyra inn, og ved hjelp av deira finurlege virtuelle leksikon får me bli med på ei reise gjennom straumens historie i bygda.
Me møter gründer og straumpioner Sam Eyde, som sikrar seg alle rettar til vatnet i området for ei telemarksku, i ein bytehandel med den lokale bondekona Oline. Eyde samarbeider med den svenske industrimagnaten Wallenberg, og gjer det som kan sjå ut som ei heller tvilsam avtale, i alle fall frå bygdefolkets ståstad, med ein franskmann.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP