Historisk: Jørgen Aamot og Erik Due frå Kviteseid såg EM-finalen på Brandenburger Tor i Berlin sundag.

Erik og Jørgen tok bilen til Berlin for å kjenne på finalestemninga. – Det var berre britar der

Erik Due (23) og Jørgen Aamot (22) frå Kviteseid køyrde til Berlin for å oppleve Berlin medan EM-finalen i herrefotball blei spelt sundag kveld. Toyotaen som fylte 30 i år er no trygt parkert heime att etter ein tur på rundt 3000 kilometer.

Publisert

Litt skuffa var dei over at Tyskland ikkje kom seg til finale på heimebane, men sette likevel kursen mot Berlin med godt mot. Stemninga var god og termokoppen full ved avreise frå Kviteseid sentrum torsdag morgon. Dei hadde ikkje pakka med seg stort, men hengekøye og telt var med.

– Me får kjøpe det me ikkje har, sa Aamot.

– Eg er litt redd noko skal skje med bilen på vegen. Det kan faktisk bli den aller siste turen, sa Due om sin trufaste Toyota Carina før avreise.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS