Erling skal fortelje historia om Anne Grimdalen på film

Tokke kommune støttar filmprosjektet til Vest-Telemark museum med 20 000 kroner.

Publisert Sist oppdatert

Ved hjelp av tidlegare NRK-medarbeidarar Petter Melsom og Anne Lognvik skal Erling Mo Grimdalen bli intervjua om Anne Grimdalen. Han er nevøen hennar og hugsar henne godt.

Intervjua og filming av skulpturane kan gå føre seg både i Tokke og i Oslo. I tillegg kan fagfolk som kan seie noko om kva Anne Grimdalen har tydd i norsk kunstliv intervjuast. Det er tenkt å lage ein 10-15 minuttars portrettfilm, i tillegg til enkeltsnuttar på 2- 3 minuttar. Filmane skal brukast i museet si formidling, utstillingar på Grimdalstunet og kan bli tilbydd eksternt, kjem det fram i saksutgreiinga til formannskapet i Tokke.

Politikarane løyvde 20 000 kroner til prosjektet. Den totale kostnaden er skissert til 70 000 kroner.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS