Unge Talent: 21 unge talent på Musikal - Broadwaylina ved Seljord folkehøgskule viser ei energisk framsyning med mykje song og dans der Emilie Anja Teichroeb og Malene Sagstad har koreografi.
Privat
Etter at eit hav av kostyme og rekvisittar blei forlatt i samband med nedstenginga i mars, er folkehøgskulen endeleg klare med ei litt annleis joleframsyning på Granvin
Fredag, laurdag og sundag fyrstkommande helg inviterer Seljord folkehøgskule til musikkteater med framsyninga «Et julemareritt» på Granvin kulturhus.
Seljord folkehøgskule samlar årleg over 20 ungdommar i alderen 18-19 år som elskar å stå på ein scene til å spele musikkteater i ekte Broadwaystil.
I vår hadde elevar og lærarar jobba hardt med ei musikalframsyning som brått blei avslutta på grunn av nedstenginga 12. mars. Eit hav av kostyme, rekvisittar og ikkje minst innøvde songar og dansar måtte forlatast.
– Etter det var me engstelege for om me i det heile tatt kom til å få til ein musikal med unge talent under ein pandemi, seier Roar A. Klever Bøye, som har manus, regi og musikalsk ansvar for framsyninga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP