Me historia på armen: Even Baird frå Palo Alto er på besøk i Seljord og får stadfesta at tatoveringa på armen er ein god gjengjevnad av Seljord kyrkje.

Even har funne ein måte å hugse opphavet sitt. – Eg har alltid sett dette i huset der me voks opp

Even Baird har røter både i Seljord og på Filippinane. Det har resultert i ei spesiell tatovering.

Publisert Sist oppdatert

Tidleg på 1900-talet reiste unge Hilleborg Nes til Amerika for å arbeide som guvernante, eller det me i dag kallar au pair. Etter eit par tre år hos ein velståande familie i Seattle, der ho jobba for betale tilbake det billetten kosta, reiste ho til Alaska for å delta i gullrushet. I Alaska møtte ho trønderen Gustav Øien. Dei gifte seg og busette seg i Sør-Dakota.

– Bestemor var ei eventyrerske, seier faren til Even, Bret Oien Baird over ein kaffikopp på Seljord hotell. Han har vore i Noreg ein gong tidlegare, for 41 år sidan. No har han med seg heile familien er på noregsreise.

– Me skulle eigentleg delta i ein familiegjenforeining for fem år sidan, men blei hindra av Corona-pandemien, fortel han. No er dei på rundreise i Sør-Noreg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS