Roar Bøye
«Eventyrlig amorøs» med Seljord folkehøgskule på Granvin kulturhus
Fredag 30. april og laurdag 1. mai viser elevar frå musikal-linja på Seljord folkehøgskule musikalen «Eventyrlig amorøs» på Granvin kulturhus.
– Mot alle odds i ein pandemi, har denne flotte gjengen med musikaltalent jobba fram ei humoristisk, fargesprakande og ellevill framsyning, melder kulturhusvert på Granvin kulturhus, Randi Nordskog i ei pressemelding.
Det vert flotte dansenummer i eventyrlege kostyme, mykje song og musikk og ei morosam historie.
Med same grunnidé som i 2020 har framsyninga bytta namn frå «Det var ein gong» til «Eventyrlig amorøs». Musikal-lærar Roar Bøye har omarbeida det heile til ein fullblods Musikal. Historia har skifta fokus frå tradisjonelt eventyr til ei historie som like mykje handlar om unge menneske som søkjer nærleik og kjærleik. Her kryssar eit hav av kjende eventyrfigurar sine stiar og vegar: Raudhette og Ulven, Askepott og ste-systrene, Belle og Udyret, Rapunsel og Heksa, Giselle, Jack med bønnestengelen, og ein stor kohort av prinsar og eventyrprinsesser i måneskinet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP