Rånersbråk: Telefonane haglar på lensmannskontoret. Fortvila seljordingar høyrer ikkje presten i gravferda; ja, dunkinga frå rånebilane høyrest heilt opp på Bjørgenuten. Men på lensmannskontoret synest dei tvert imot at «Bøgda» er fin-fin å trene til.

Fekk du ikkje billett til revyen som fylte Granvin tre gonger? Sjå video med høgdepunkt her

I helga fekk Seljord revygruppe verkeleg sett latterdøra på vid vegg på Granvin kulturhus. Heile tre gonger fylte dei kinosalen til siste sete, og serverte eit solid knippe sketsjar og songar som sparka både høgt og lågt.

Publisert Sist oppdatert

Dei kjem ut av Mælefjelltunellen, heile revygruppa, og inntek scenen med ein Fragleberget-velkomst. Alle så nær som ein går svarte klede, med tøffe hattar i skinande fargar, og med både song, mimikk og kroppsspråk utstrålar heile gjengen at dei diggar å stå på scenen.

Midt i blant dei stavrar ein gamling med rullator; ein bebuar på Nesbukti som er på jakt etter dassen. Heilt til han kjem på...

– Eg treng jo ikkje dass. Eg har dassen på skinnleggen, eg.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS