Festival med lokal, nasjonal og internasjonal folkemusikk
Frå torsdag til sundag blir Telemarkfestivalen halde i Bø med lokal, nasjonal og internasjonal folkemusikk på ulike scenar.
Torsdag startar festivalen med det fyrste av fleire tingingsverk på Bøhaugen. Fyrst ut er «Som lindi bere lauv» som tar utgangspunkt i lokale tradisjonar der Anders Hefre og Johanne Flottorp har laga eit nytt verk.
— Me gler oss også til ein råtøff fredagskveld på Kroa i Bø, til yrande folkeliv på Torgfestivalen, til laurdagsmoro og jubileumskonsert med Ni Liv 20 år, Yagody og Steve'n'Seagulls i Gullbring Amfi og til ein flott familiedag og Borgjakonsert på Evju bygdetun sundag, fortel Kristioffer Mosfjeld i festivalen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Aasmund skal leie
På årets opningskonsert fredag kveld vil publikum få møte poeten Stein Versto og spelemann Per Anders Buen Garnås, gruppa Yagody med flotte, fleirstemde folketonar frå Ukraina og dei plateaktuelle gutane i Hått sa’ru? som på klingande bøhering framfører morosame viser om både «måsabjønner» og «berullar».
Til opningskonserten kjem også gjengen i folkemusikk fordjuping som byr på song, dans og spel, Spellemannpris-vinnar Ingrid Jasmin, Ottar Kåsa og ein kan få høyre korleis hans nyaste kreasjon, ein hardingcello let, gitarist Magnus Wiik og felespelar Rose Logan og Spelemannslaget Bøheringen og Bø Dansarring avsluttar kalaset og spelar publikum ut til dans i Framstugo.
— Det er Aasmund Nordstoga som leiar opningskonserten i Gullbring fredag kveld, seier Mosfjeld som gler seg til festival.