Bevegeleg spelemann: Silje Onstad Hålien og Sivert Andreas Holmen i danseframsyning Óme. Her står Sivert og spelar, og Silje kjem inn i armane hans og begynnar etter kvart å danse vals med han – utan at musikken på noko tidspunkt vert broten.

Festivalfredag med dansen i høgsetet. – Det starta med eit oppdrag der eg skulle vere ein bevegeleg spelemann

Det er fredag ettermiddag på Raulandsakademiet, og aktivitet over alt. Treski og teater, film og fele, kveding og kniplingar. Men VTB grip dansetråden og følgjer den.

Publisert Sist oppdatert

I Vaasalen er eit tjuetals personar samla til danseworkshop med Silje Onstad Hålien. Lita og alveaktig sit ho på kne og følgjer med på den eine halvparten av gruppa, som dansar fritt til musikken ho har sett på.

Ålande og smygande, rykkvist og hakkete, store rørsler og små detaljar, opne auge og lukka. Musikken tonar ut, og deltakarane pustar ut. Det var litt rart, synest somme. Befriande, synest andre. Silje rosar dei for innsatsen og korleis dei verkeleg gav av seg sjølv.

– Men no må eg gå og rigge til scenen, smiler ho, og tek farvel med gjengen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS