Festivalklar: – Ein legende me har ynskt oss lenge

Den tidlegare Smokie-vokalisten Chris Norman kjem til Treungenfestivalen i sommar.

Publisert Sist oppdatert

Norman er mest kjent som vokalist og rytmegitarist frå 1964 til 1986 i bandet Smokie, som var populært på 1970-talet. I 1986 slutta Norman i Smokie og starta ei solokarriere der han også hadde enkelte hits i Europa, spesielt i Tyskland og Norden. I 1978 hadde han ein hit i USA med låten «Stumblin’ In» samn med Suzi Quatro.

– Dette er ein legende me har ynskt oss lenge til Treungen og nå skjer det fredag 4. august, opplyser Jørgen Solberg i Treungenfestivalen.

Frå før er det kjent at Åge Aleksandersen og sambandet kjem til festivalen i sommar. Det gjer også Postgirobygget, Keiino, og Sie Gubba & Terje Tysland. Fleire artistar vil bli presentert seinare.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS