Minitussane såg litt av kvart som freista i vogga.
Minitussane såg litt av kvart som freista i vogga.

Folkemusikk og sjokolade

Dei minste tussane opna sjokoladekappleiken laurdag med ein gangar – og lange blikk mot sjokoladevogga.

Frå bakerst i salen kjem dei skridande – minituss-gruppa og dei litt større tussane bak, under leiing av Ingrid Storlid. På veg til plassane sine på scena passerer dei vogga som står der bognande av store sjokoladeplater og posar fulle av laurdagsgodt. Ikkje rart det kan vera litt vanskeleg å fokusere hundre prosent på gangartakten, då. Men dei klarer seg fint, og med det er barnekappleiken i gang for 18. gong på Granvin.

Tusseleiken er ein av arrangørane av Sjokoladekappleiken i Seljord, saman med Seljord juniorspelemannslag og Seljord folkemusikklag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Synge saman

Like før start sit Annveig Lysdahl Olsnes frå Særensgrend i Vinje tett inntil veninna Mari Hovda Auran frå Atrå. Dei er båe bunadskledde og snart klare for ein tur på scenen, der sjokoladevogga står, breiddfull av godsaker som kappleiksdeltakarane kan plukke med seg når dei går av scena.

– Eg skal synge «Guten gjekk på golvet» med gruppa mi, forklarar Annveig, og siktar til kvedargruppa på Vinjar, som har Ellen Nordstoga som læremeister.

Venninna Mari frå Tinn skal også synge saman med nokon.

Annveig Lysdahl Olsnes Vinje og venninna Mari Hovda Auran frå Tinn gledde seg til å synge.
Annveig Lysdahl Olsnes Vinje og venninna Mari Hovda Auran frå Tinn gledde seg til å synge.
Ingrid Nordstoga, Annveig Lysdahl Olsnes, Åsne Nordstoga, Laurynas Lamsodis og Haakon Nordstoga.

Ingrid Nordstoga, Annveig Lysdahl Olsnes, Åsne Nordstoga, Laurynas Lamsodis og Haakon Nordstoga.

Eline Noraberg bur i gangavstand til sjokoladekappleiken på Granvin

Eline Noraberg bur i gangavstand til sjokoladekappleiken på Granvin

Åsne Nordstoga
Åsne Nordstoga
Erle Aufles og Eline Noraberg
Erle Aufles og Eline Noraberg
Bø juniorspelemannslag
Bø juniorspelemannslag
Ingrid Nordstoga
Ingrid Nordstoga

– Eg veit ikkje heilt kva gruppa heiter, men det er i alle fall ein som heiter Johans som er med der, forklarar ho.

Kvedar fekk inspirasjonsprisen

I alt var det 58 innslag på kappleiksscena i Seljord, der deltakarane som spela, song og dansa var mellom 6 og 17 år. Etter at alle hadde vore på scenen, var det opp til dommarane Aud Manheim og Ellen Nordstoga å utnemne mottakaren av Magne Manheims inspirasjonspris. Magnhild Garnås Haugen (11) frå kvedarklubben i Hjartdal fekk den ærefulle utmerkinga:

– Prisen i år går til ein kvedar. Vedkomande har god tradisjon i framføringa og har rein tone og god tekstuttale. Det er tre viktige ting som kvedar, meinte juryen.

Haugens læremeister er mora Ingvill Marit Buen Garnås.