Trongbudde: Smitten spreidde seg raskt når så mange budde tett. Brakka fremst til venstre vart kalla Krafsebrakka, til høgre Watsonbrakka eller også Morgedalsbrakka, bak til venstre Kjørstoga, så to som vart kalla Gamlebrakkene og til venstre Slettabrakka. Det større huset bak var Doktarbygningen. Biletet er teke kring 1890.

For hundre år sidan blei gruvesamfunnet Åmdals Verk hardt råka av pandemien

30. november 1918 blei tre karar, to på 23 år og ein på 42 år gravlagde på Skafså kyrkjegard. Fire dagar seinare blei tre andre ført til den seinste kvilestaden – 23, 27 og 29 år gamle. Alle døydde av spanskesjuken.

Publisert

– I gruvebygda budde og arbeidde dei veldig tett. Eg har funne opplysningar om at det i 1891 budde fem hundre personar fordelt på 59 brakker. Det tyder at det var kring ti personar per brakke. Så dei var tett på kvarandre i alle samanhengar, seier Dagfinn Midtbø på Dalen om grunnen til at så mange blei smitta akkurat på Åmdals Verk.

Likkistene stod ferdige

Midtbø har studert kyrkjebøkene for Mo, Skafså, Lårdal, Høydalsmo og Eidsborg sokn, og har funne store skilnadar mellom bygdene. Protokollane over dødsfall i 1918 viser at ingen verken i Lårdal, Høydalsmo eller Eidsborg, er ført opp med «den spanske syke» som dødsårsak. Derimot herja sjukdomen frykteleg på Verket. I alt tolv menn, dei fleste i tjueåra, samt ei lita jente, blei fylgt til grava på kyrkjegarden i Skafså under epidemien. I artikkelen som var trykt i årsskriftet for Tokke historielag i 2019, siterer Dagfinn Midtbø Knut Henriksen (1907–1992) som fortalde om dei uhyggelege tilstandane:

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS