Soria Moria: Soria Moria på Dalen er ein attraksjon som gjev kommunen positiv merksemd og auke i besøkande. Nå vil Tokke-rådmannen vise fram kommunen på TV2.

Føreslår å bruke 100 000 kroner på TV2-profilering med Farmen kjendis-profilar

Terje Sporsem, Lasse Lom Matberg og Eli Kari Gjengedal er sentrale i Telemarksveka på TV2 til sommaren. Tokke-rådmannen vil gjerne vera med å profilere kommunen i programmet.

Publisert

Rådmannen føreslår at kommunestyret løyver totalt 100 000 kroner for at kommunen kan profilere Dalen og Tokke som reiselivsmål i Telemarksveka.

– 2021 ligg an til å bli ein ny «Noregssommar». Samstundes kan det sjå ut til at eindel arrangement, særleg i fyrste halvår, vil bli avlyst eller utsett. Det er i eit slikt år særleg viktig å henge oss på dei positive trendane, og prøve å halde trykket oppe på attraktivitet og fokus på reiselivsprodukta våre, skriv rådmannen i saka til kommunestyret.

Det kjem også fram i saka at Dalen Hotel er kontakta i høve til å hyre overnatting til dei tre kjendisane som skal promotere satsinga, og at hotellet stiller seg «særs positive» til dette.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS