Førjolshygge ved oppvekstsenteret
Trådnissar og neverkuler vart trylla fram i samarbeidet mellom husflidskvinnene og barna ved Straumsnes oppvekstsenter.
Dei eldste barna i barnehagen fekk vere med då skuleungane i Vrådal måndag fekk besøk av fem husflidskvinner og bestemødrer på skulen.
Herdis Nordbø Jørgensen, Tove Gulliksen Øy, Hanne Roholt, Anlaug Kråkenes og Anlaug Straand kom på skulebesøk for å dele kunnskap med dei yngre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kvinnene lærte barna å lage trådnissar og neverkuler på joleverkstaden, noko barna lika svært godt. Dei håper dei flinke kvinnene har lyst til å kome tilbake seinare og lære bort fleire morosame aktivitetar.
tone.tveit@vtb.no