Bokkasseprosjekt, Åmot. Anne Marie Hegg, Torlaug Versto, Eivind Ringhus, Astrid Versto, Jarle Helle, Sigrid Nordskog, Torfinn Hylland, Olav Teigland, Magne Øyvågslid, Jon K. Versto og Aslak K. Kersto har alle motteke bokkasser frå Inger Rønningen, Tor Strømme og Bjørg Irene Abrahamsen.

Fornøgde lesehestar

Brukarane samla til eittårsmarkering av bokkasseordninga på biblioteket.

I november i fjor starta Vinje frivilligsentral opp eit bokkasseprosjekt saman med pensjonistlaget og biblioteket i Åmot. Prosjektet tok sikte på å levere lesestoff til folk som av ulike årsaker har vanskar med å kome seg ut. Eit snautt år etterpå kan pådrivarane konkludere med at prosjektet har vore vellukka.

– Det har fungert kjempebra, og er nok det prosjektet som har fungert best av dei eg har vore med som pådrivar av. Me har vore ute med bokkassene ein gong i månaden. Desse har innehalde eit variert utval lesestoff, anten sett saman av biblioteket, eller materiale som brukarane har ynskt sjølve, opplyser leiar av Vinje frivilligsentral, Inger Rønningen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brukarane av prosjektet vart inviterte til biblioteket i Åmot torsdag 4. september. Trass i at nokon av dei i alt 16 brukarane måtte melde avbod, var det god oppslutning på samlinga.

– Me kom med invitasjonar siste gongen me var ute før sommaren. Det blei møtt med stor entusiasme, og var tydeleg noko som kunne freiste, fortel Rønningen. Ho trur òg det er andre ting, i tillegg til sjølve bøkene, som har falle i smak.

– Eg trur både me som er ute og mottakarane set pris på det sosiale også, eg synest i alle fall det er veldig triveleg å kome inn til folk og få ei god samtale, seier leiaren av frivilligsentralen, som håpar enda fleir vil bli med på prosjektet.

Bokkasseprosjekt, Åmot. Anne Marie Hegg, Torlaug Versto, Eivind Ringhus, Astrid Versto, Jarle Helle, Sigrid Nordskog, Torfinn Hylland, Olav Teigland, Magne Øyvågslid, Jon K. Versto og Aslak K. Kersto har alle motteke bokkasser frå Inger Rønningen, Tor Strømme og Bjørg Irene Abrahamsen.
Bokkasseprosjekt, Åmot. Anne Marie Hegg, Torlaug Versto, Eivind Ringhus, Astrid Versto, Jarle Helle, Sigrid Nordskog, Torfinn Hylland, Olav Teigland, Magne Øyvågslid, Jon K. Versto og Aslak K. Kersto har alle motteke bokkasser frå Inger Rønningen, Tor Strømme og Bjørg Irene Abrahamsen.
Bokkasseprosjekt, Åmot. Anne Marie Hegg, Torlaug Versto, Eivind Ringhus, Astrid Versto, Jarle Helle, Sigrid Nordskog, Torfinn Hylland, Olav Teigland, Magne Øyvågslid, Jon K. Versto og Aslak K. Kersto har alle motteke bokkasser frå Inger Rønningen, Tor Strømme og Bjørg Irene Abrahamsen.
Bokkasseprosjekt, Åmot. Anne Marie Hegg, Torlaug Versto, Eivind Ringhus, Astrid Versto, Jarle Helle, Sigrid Nordskog, Torfinn Hylland, Olav Teigland, Magne Øyvågslid, Jon K. Versto og Aslak K. Kersto har alle motteke bokkasser frå Inger Rønningen, Tor Strømme og Bjørg Irene Abrahamsen.
Torfinn Hylland spela og song for dei oppmøtte då bokkasseordninga i Åmot markerte eittårsjubileum

– Dette er heilt klart noko me vil halde fram med, og me håpar me kan skape litt blest rundt det, slik at endå fleire vil vere interessert i ordninga.

Takksame brukarar

Brørne Aslak K. Versto (77) og Jon K. Versto (79) frå Tjønnegrend er to av dei som har nytta seg av tilbodet. Dei har begge satt pris på ei slik ordning.

– Det er ei veldig fin ordning synest eg, seier Jon, noko Aslak seier seg einig i.

– Me har fått mykje forskjellig som er vald av biblioteket, i tillegg til at me har hatt moglegheit til å melde frå dersom det er spesielle bøker me vil ha, noko som er ein fordel. Og så er det veldig koseleg å få besøk av og til, det har vore minst like positivt som litteraturen i seg sjølv, smiler eldstebror Versto.

Musikalsk lunsj

I tillegg til å boltre seg i bibliotekets utval, hadde initiativtakarane og invitert dei som hadde møtt opp på lunsj og kaffi. Måltidet vart akkompagnert av gitarspel og song frå Torfinn Hylland, som sjølv har fått månadleg leveranse av lesestoff.