Festivalsjef: Yvonne Eilefstjønn.

Fryktar ikkje vassproblem på festivalen: – Det kjem uansett til å vera nok vatn tilgjengeleg

Festivalleiar Yvonne Eilefstjønn ventar på svar frå kommunen om vassprøvane som blei tatt i går, men ho lovar uansett at det skal vera nok vatn til festivalgjestene som kjem til Seljord.

Publisert Sist oppdatert

– Det er uheldig, men eg er ikkje bekymra. Me må bare følgje med. Kommunen har varsla svar i morgon, seier Yvonne Eilefstjønn.

Sidan fredag har ein del av innbyggjarane i Seljord fått beskjed om å koke vatnet. I går melde kommunen at dei hadde sett i gang kloring ved Seljord vassverk. Det betyr at heile Seljord nå må koke vatnet. Nye prøver er tatt. I morgon kjem det svar på om drikkevatnet er «friskmeld».

– Det kjem uansett til å vera nok vatn tilgjengeleg på Dyrskuplassen, seier Eilefstjønn, som varslar at dei kan kome til å fylle opp tusenlitrar med vatn til festivalgjestene.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS