Gler seg til å ynske Linda Eide velkomen til Litteraturdagane i Vinje
Forfattar og journalist Linda Eide opnar turneen sin med «Oppdrag Mottro» på Vinjehuset i Åmot fredag 23. august under Litteraturdagane i august. «Oppdrag Mottro» er basert på boka med same namn, og handlar om Eides vittige og tankevekkjande utforsking av korleis gamle dagar lever vidare i notida.
– Linda Eide er ei kyndig, vittig og viktig nynorskstemme med brei appell. Ho har ei særeiga talegåve og eit heilt eige, forfriskande blikk på både samtida og fortida, seier dagleg leiar Kristian W. Rantala ved Vinje-senteret.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Med «Oppdrag Mottro» får vi Linda Eide heilt for oss sjølv i over ein time, og eg gler meg stort, legg han til.
Framsyninga er eitt av høgdepunkta under Litteraturdagane i Vinje 23.–25. august, og festivalprogrammet blir lansert i slutten av mai.