Vårmarknaden 2023: Mange utstillarar og mykje folk på årets vårmarknad i Seljord. Gro Moen (t.v.) og Kristin Wilhelmsen hadde salsbuer.

Gro, Kristin og hundrevis av andre testar kremmarlivet denne helga

Mange tok turen inn på Vårmarknadens fyrste dag på Dyrskuplassen i Seljord fredag.

Publisert Sist oppdatert

Det var eit jamt sig av gjester som ville oppleve vårmarknaden i Seljord gjennom heile fredagen. Dei frammøtte fekk finvêr og god variasjon i kva ein kunne handle på dei ulike buene, i tillegg var det mykje flott for auget på utstillinga av amerikanske bilar og veterankøyretøy hos Vest-Telemark motorhistoriske klubb og Eagle air club.

– Mykje og sjå på i år, og mykje å handle, kunne forbipasserande melde.

Etter ein tur gjennom ei av gatene med kremmarar møter me Gro Moen frå Seljord og Kristin Wilhelmsen frå Kviteseid. Venninnene har kvar sin bod. Moen fortel at ho har vore på vårmarknaden med handarbeid, dukar og strikketøy fleire gonger før. Wilhelmsen, som har bod ved sida av, testar kremmartilværet med alt frå porselen til småstrikk, tupperware og pyntegjenstandar for fyrste gong.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS