Ingebjørg Lognvik (t.v.) og trioen Mala Fama, Morten Kvam, Juhani Silvola og Sarah Jane Summers, baud på kveding, stemningsfull musikk og livssoga til Guro Heddelid på Granvin kulturhus torsdag.
Ingebjørg Lognvik (t.v.) og trioen Mala Fama, Morten Kvam, Juhani Silvola og Sarah Jane Summers, baud på kveding, stemningsfull musikk og livssoga til Guro Heddelid på Granvin kulturhus torsdag.

Guro Heddelid kom heim

Med vakker song og stemningsfullt spel lokka Ingebjørg Lognvik Reinholdt og trioen Mala Fama publikum med på ei reise til mellomalderen og Guro Heddelid sitt rike.

Det var godt det blei konsert i det heile tatt torsdag på Granvin kulturhus. Vêrkaoset i hovudstaden sette trioen Mala Fala på prøve i trafikken. Etter fleire bilbyte kom dei seg heldigvis til Seljord, og bare nokre få minuttar forseinka kunne konserten starte.

Ei sterk kvinne

Guro Heddelid er ein av dei mest kjende kvinnefigurane i norsk folkemusikk. I Grunningsdalen vaks ho opp som ei glad, rik og vakker odelsjente som kunne velje og vrake i friarar. Og det var nett det ho gjorde, i fylgje segna. Problemet var at ho hadde alt for mange friarar, og alle fekk litt von og ingen heilt visse.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tvil og tru, kjærleik, hat og sjalusi førte til både drap og sorg, men også til vakre kjærleikssoger og musikk. I 1880 skreiv bygdediktaren Jørund Telnes ned diktsyklusen om Guro Heddelid, og saman med notenedskrivingar frå Eivind Groven sikra det at historia og musikken lever vidare. Og segna fascinerer.

– Det er noko med at det er ei historie om ei sjølvstendig kvinne. Ho kunne velja fritt men plikta, samfunnet og logikken tok overhand, seier Ingebjørg.

Litt skumlare

Ingebjørg har gått i lære hjå fleire dyktige kvedarar, vunne B-klassa i kveding på landskappleiken, og er utdanna ved Noregs musikkhøgskule. Songen om Guro høyrde ho fyrste gong som barn, men det var fyrst som vaksen og elev ved høgskulen at ho tok tak i materialet. Resultatet blei ein eksamenskonsert som sidan har blitt omarbeidd.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt syntes det var litt skummelt å ta soga om Guro Heddelid heimatt til Seljord, men fekk god mottaking hjå publikum.
Ingebjørg Lognvik Reinholdt syntes det var litt skummelt å ta soga om Guro Heddelid heimatt til Seljord, men fekk god mottaking hjå publikum.

Konserten har blitt sett opp i Porsgrunn, Bergen og Oslo, men seljordingen ynskte også å ta framsyninga heim. Med støtte frå fondet for utøvande kunstnarar, Seljord kommune og Landskappleikfondet kunne ho endeleg presentere soga om Guro Heddelid på heimebane.

– Det var litt meir skummelt her heime enn andre stader. Eg har måtta ta nokre val i måten å presentere historia på, og her kjenner dei soga så godt. Og så har eg jo mest vakse opp på denne scena, seier Ingebjørg.

Stemningsfullt

Men det var ikkje farleg å ta Guro heimatt. Det var eit lydhørt publikum som sat i salen, og saman med Morten Kvam på kontrabass, Juhani Silvola på gitar og Sarah Jane Summers på fele og bratsj fekk Ingebjørg fortida inn i notida.

Klokkeklar song, stemningsfullt spel av trioen og sogeforteljing batt saman livssoga til Guro på ein ypparleg måte. Og når pesten la Grunningsdalen aude og tok Guro med seg, blei kvelden avslutta i sår og vakker moll.

«Det var Guro uppi Dalen, vandt det var å sjå ei slik. Då ho sette seg i salen, då var ho ei dronning lik».