Gutar og jenter i Nissedal har lært ein fartsfylt koreografi til Markus og Martinus-hiten av danselærar Ane Brødsjø Voje. (Sjå fleire bilete ved å klikke på dette)
Gutar og jenter i Nissedal har lært ein fartsfylt koreografi til Markus og Martinus-hiten av danselærar Ane Brødsjø Voje. (Sjå fleire bilete ved å klikke på dette)

Håpar på fast dansetilbod til dei unge

Dansarane opna kulturkvelden i Treungen med «Elektrisk», og sette stemninga for resten av kvelden.

I eit halvt år har unge nissedølar hatt glede av danselærar Ane Brødsjø Voje. Laurdag kveld fekk ein sjå resultatet av dansetreninga dei har hatt sidan haustferien, og danseverkstaden dei hadde tidlegare på dagen. Eit storslått fellesnummer med Marcus og Martinus sin «Elektisk» opna ballet, før alt frå blånissar til Michael Jackson-dansarar fylte scenen etter tur.

– Eg håpar verkeleg me får dette inn som eit fast tilbod i kulturskulen frå hausten. Eg har ikkje tora å spørje Ane enno, smiler den svært nøgde kulturskulerektoren Rune Sanden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Danseglede

Tidlegare på dagen var det kulturdag for barn og unge på fleirbrukshuset i Treungen, med eit breitt tilbod innan musikk og dans, og i tillegg til andre aktivitetar. Dagen blei avslutta med å invitere foreldre og andre bygdefolk til kulturkveld for å vise fram alle talenta og all musikk- og dansegleda som finst i kommunen.

Tone Haugsjå og Tilje Trontveit Vik er to av dei mange barna som har bruka heile dagen på fleirbrukshuset, og dei har storkosa seg.

– Me såg på kino, så fekk me mat, så bada me, så dansa me, og så åt me kake, appelsin og pizzasnurrar, oppsummerer dei.

Tilje Trontveit Vik (t.v.) og Tone Haugsjå 

Tilje Trontveit Vik (t.v.) og Tone Haugsjå 

Mari Tveit, Thea Tveit, Ingvild Tveit, Amalie Nes og Inger Haugsjå. Kulturkveld i Nissedal mars 2015
Mari Tveit, Thea Tveit, Ingvild Tveit, Amalie Nes og Inger Haugsjå. Kulturkveld i Nissedal mars 2015
Johanne Baksaas og Maren S. Hauge syng Cosettes song frå Les Miserables.
Johanne Baksaas og Maren S. Hauge syng Cosettes song frå Les Miserables.
Songar Grace Akili, konferansier Steinar Kleivane og songar og pianist Vibeke Homme var dei tre deltakarane i UKM Nissedal – og dommarane sendte alle tre vidare til telemarksfinalen.
Songar Grace Akili, konferansier Steinar Kleivane og songar og pianist Vibeke Homme var dei tre deltakarane i UKM Nissedal – og dommarane sendte alle tre vidare til telemarksfinalen.
Knut Haugsjå
Knut Haugsjå
Sondre Aarak (t.v.), Gaute Vidar Beyer-Clausen, Lars Brynjulv Nordbø og Olav Aarak Underdal. 
Lærar Martin Krause
Sondre Aarak (t.v.), Gaute Vidar Beyer-Clausen, Lars Brynjulv Nordbø og Olav Aarak Underdal. 
Lærar Martin Krause
Siv Tveiten, Roger Mei, Sverre K. Enger, Grace Akili, Rune Sanden (lærar) og Frantz Berggren

Siv Tveiten, Roger Mei, Sverre K. Enger, Grace Akili, Rune Sanden (lærar) og Frantz Berggren


På førespurnad viser dei gladeleg fram ein smakebit av det dei skal opptre med seinare på kvelden. Valet fell naturleg nok på Markus og Martinus.

– Dei er bra, seier Tone, og ho og veninna går i gang med synkrone dansesteg.

Dei synest dansetrening er heilt topp, og i fylgje kulturskulerektoren er det mange slike gode tilbakemeldingar som kjem frå både elevar og foreldre – truleg i endå større grad etter kulturkvelden laurdag.

Rektor håpar å auke UKM-rekrutteringa

Kulturskulerektor Rune Sanden synest det er leit at så få ungdomar frå Nissedal vil delta i UKM.

– Dei siste åra har me nesten måtta tvinga dei til å stille opp, og det er ikkje slik me ynskjer det skal vera, seier Sanden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Difor stelte dei i stand kulturdagen laurdag, som altså blei avslutta med musikk- og danseframsyning for full sal på fleirbrukshuset. Dei tre UKM-innslaga var baka inn i framsyninga.

– Dei fleste elevane me har i kulturskulen no er veldig unge. Kanskje dei kan sjå tilbake på denne kvelden og tenkje «hmm, det var moro å vera med på», og bli med på UKM når dei er gamle nok, seier Sanden.

Både han og UKM-dommarane understreka at det finst haugevis av talent i Nissedal. Alle dei tre UKM-deltakarane blir sendt til fylkesfinalen i Porsgrunn, og om nokre år er håpet at endå fleire talentfulle ungdomar fyller kulturmønstringsscenen i Treungen.