Nytt årsskrift: Redaktør for årets utgåve av «Gamalt frå Kviteseid», Johannes Skarprud, er glad for at Kviteseid historielag nå er klar med den 39. årsskriftet.

Har årets historiske jolegåve klar

Kviteseid historielag har nå henta den 39. utgåva av «Gamalt frå Kviteseid» frå trykkeriet. – Me håpar boka fell i smak i år også, seier redaktør Johannes Skarprud.

Publisert

Omslagsbildet på årets utgåve av «Gamalt frå Kviteseid» er eit måleri av kunstnaren Solveig Muren Sanden, der slepebåten «Fram» samlar tømmeret i ringbom etter slep gjennom småstraumane i Vrådal. Og denne historia kan ein mellom anna bli betre kjend med i den fyrste artikkelen, ført i pennen av Tor O. Sanden som skriv om dam- og slusebygging i Vrådal.

Sytten historiske artiklar i alt finn ein i årets utgåve, som truleg vil vere ein populær jolepresang. Lesarane får bli med på skuletur til Oslo i 1952, ein får lese om korleis det var å vere arbeidande kvinne på D/S Victoria i 1930-åra og om drukningsulykka på Bandak i 1901, om jubilantane Kviteseid hornmusikk og Kvitsund gymnas og om Bergit og Mikkel Hemmestveit og morgedølen Halvor Guttormsen.

Og kva hende eigentleg i joleeventyret frå Kviteseid? Korleis var overgangen frå husmann i Kviteseid til farmar i Amerika og korleis var det for ein ung nyutdanna prest å måtte gifte seg med enka til den tidlegare presten?

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS