Deler ut pengar: Ingrid Vågsvoll og Eskil Stenhaug oppfordrar lokale aktørar og organisasjonar i heile Telemark til å sende inn søknadar.

Har nesten 40 millionar att å dele ut

Sparebankstiftelsen Sparebanken Sør deler ut midlar til allmennyttige tiltak i Agder og Telemark.

Men Ingrid Vågsvoll lurer på om ordninga er for lite kjent i Telemark. Ho skulle gjerne fått fleire søknader.

– Stiftinga har framleis nær 40 millionar igjen å dele ut ved denne tildelinga, fortel ho, og oppmodar derfor lokale aktørar og organisasjonar i Telemark til å sende inn søknader innan 1. november.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stiftinga er på jakt etter innovative og meiningsfulle initiativ som kan styrke fellesskapet og føre til betre levekår i Agder og Telemark. Den starta opp i 2012 og har sidan oppstart delt ut 216 millionar kroner til 90 ulike prosjekt. Frå og med 2024 har dei eit årleg budsjett på 100 millionar kroner.

Stiftinga deler ut i tre rundar i løpet av året. I tillegg til denne i november blir det to tildelingar på våren, fortel Vågsvoll.