Seljordkalenderen: For desember 2025 blir tre klassebilde presentert. Eitt av dei er Krokan skule med lærar Alf Rabbe, 1952-1953. 1. rekke frå venstre Solveig Marie Hegni, Heidi Sandsdalen og Gerd Marvik. 2. rekke frå venstre Harald Moen, Olav Marvik, Olav E. Loftsgarden og Gunnar Brattaker. 3. rekke frå venstre Olga Nordjordet og Miriam Øverland.
Frå kalenderen
Har samla gamle bilde og skanna glasplater for å sikre eit historisk dryss til kalenderen
– Neste år må me finne eit motiv frå Åmotsdal kanskje, seier Odd Vidar Rui, medan han viser fram årets utgåve av Seljordkalenderen 2025 – gjeven ut av pensjonistlaget og sogelaget i Seljord.
Omslagsbildet i fargar er nytt, og viser vakker utsikt over Flatdal fotografert av Odd Vidar Rui, men bilda som dei to lokallaga i Seljord har funne fram til årets tolv månadar viser eit rikt historiske glimt frå ulike delar av kommunen. Bilda har også god forklaring med stadnamn og namn på personar som er avbilda.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP