Sterke band: Kim Leine er på sommarferie heime hjå mora Margot Bekkevold. Både han og ungane har sterk tilknyting til Seljord.
Anne Sofie Tresland
Heime hjå mor
Sjølv om han på mange måtar kjenner seg som ein framand i bygda, opplever han også ei tilknyting. For den prisløna forfattaren Kim Leine, busett i Danmark, er Seljord framleis heime.
– Eg seier heim til Seljord. Det er på godt og vondt. Barndomsbygda kan også bli klaustrofobisk, men det er her eg høyrer til.
Kim Leine med familie er heime hjå mor i Åsheimgrendi, slik han gjerne ò,g er i jole-, vinter- og påskeferiar. Også ungane har ei sterk tilknyting til Seljord, og han og kona Bodil Kyst ser det som viktig å vedlikehalde borna sin relasjon til bygda. Familien flyttar mykje, og då er det verdifullt å ha nokon faste tilhaldsstadar.
– Den faste tilhaldsstaden er ikkje der me bur, for etter kanskje fem år på ein stad, flyttar me til ein ny plass. Ein annan av desse faste tilhaldsstadane er sommarhuset på ei øy utanfor Fredrikshavn. Der møtest gjerne kring tretti medlemer av familien. Eg er også nysgjerrig på resten av seljordsfamilien min, for dei anar eg ikkje kven er, seier han.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP