Helga kan bli bokhandlarfavoritt – igjen
Forfattaren Helga Flatland er blant dei nominerte til Bokhandlarprisen 2022.
Helga Flatland vann Bokhandlarprisen for «En moderne familie» i 2017, og er altså nominert på ny. Denne gongen for boka «Etterklang».
Ho er ikkje den einaste av dei nominerte som kan bli ein gjengangar av prisvinnarar. Roy Jacobsen har fått prisen to gonger tidlegare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bokhandlarprisen er bokhandlaranes eigen pris og blir delt ut etter avstemming blant alle som arbeider i norsk bokhandel. Vinnarboka må vera av årets bøker og av ein norsk forfattar innanfor skjønn/generell litteratur, også barne- og ungdomsbøker. Bokhandlarprisen er ein bronsestatuett: «Takk for boken», utført av bilethoggar Nils Aas.
Bokhandlarprisen blei delt ut første gong i 1948. Då heitte den «Takk for boken» og prisen blei tildelt Sigurd Hoel. Då tradisjonen blei gjenopptatt i 1981, etter tolv års opphald, fekk den namnet «Bokhandlerprisen». I fjor gjekk prisen til Abid Raja for Min skyld – En historie om frigjøring (Cappelen Damm).
Prisen blir delt ut 22. november på Litteraturhuset i Oslo.
Nominerte
Agnes Ravatn, «Gjestene», Samlaget
Helga Flatland, «Etterklang», Aschehoug
Håkon F. Høydal, «Abida Raja: Frihetens øyeblikk», J.M. Stenersens forlag
Ingeborg Arvola, «Kniven i ilden», Cappelen Damm
Johan Høst, «En nasjon i sjakk», Vigmostad Bjørke
Lars Elling, «Fyrstene av Finntjern», Oktober
Matias Faldbakken, «Stakkar», Oktober
Nina Lykke, «Vi er ikke her for å ha det morsomt», Oktober
Roy Jacobsen, «De uverdige», Cappelen Damm
Zeshan Shakar, «De kaller meg ulven», Gyldendal