Kul bok: I ei av dei utlesne veskene finn me boka «Sirkuskua». Den har June (4) hatt med seg heim tidlegare.
Åshild Emma Solbjør
Her heiar dei på høgtlesing: – Det skapar gode minne
I garderoben i Høydalsmo barnehage heng ein haug tøyvesker som ikkje inneheld verken skift eller bleier. – Denne har eg lest, seier June (4) og dreg ei bok med ei temmeleg sprelsk ku på ut av ei av veskene.
Bibliotekar Elin Normann tek imot boka June held fram og begynnar å bla. «Sirkuskua», heiter ho.
– Sjå, her turnar kua i ein trapes, seier Normann og peikar på eitt av bileta.
– Nei, det er berre i tankane, seier Halvor (5).
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP