Her kjem landemerket med utsikt over Flatdal
Utsiktspunkt Flatdal skal stå klart 15. juni.
Skorve Entreprenør AS er i gang med bygginga av landemerket i Flatdalsbakkane. Her har arbeidarane mellom anna utsikt til fjellet som gav inspirasjonen til firmanamnet.
– Det er den tredje konstruksjonen av denne typen me gjer, seier dagleg leiar Per Ivar Magnushommen i Skorve til VTB.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tidlegare har Seljord-firmaet bygt både Sjøormtårnet på Bjørgeøyane og Soria Moria-badstova på Dalen – to bygg som har fått mykje merksemd både nasjonalt og internasjonalt.
Magnushommen trur potensialet er like stort i Flatdal.
– Det vil eg absolutt tru, og prosjektet er større enn berre utsiktspunktet, minner han om.
I samband med bygginga av Mælefjelltunnelen sette Statens vegvesen av 40 millionar kroner til gamlevegen frå Gvammen i Hjartdal, gjennom Ambjørndalen, Svartdal, ned Åsebrekkene og ut Flatdalsøyane. Opplevingsvegen skal utstyrast med kunst, sykkelvegar og skilting.
Utsiktspunktet på Nylende er åleine kostnadsrekna til ti millionar kroner.