Klipper ut: I 20 år har Randi Nordskog klipt ut omtale av kvart einaste arrangement som har vore på Granvin kulturhus i Seljord.
Øystein Øygarden
I 20 år har Randi klipt ut kvart einaste avisoppslag om det som har skjedd på kulturhuset
I dag er det 20 år sidan Randi Nordskog byrja på Granvin kulturhus. Sjølv om ho fyller 70 i år, har ho ingen planar om å gje seg.
– Eg er veldig glad for at eg framleis kan gjera nytte for meg, seier Randi med eit smil.
– Og så må eg seie at eg er heldig som fekk utdelt god helse, legg ho til.
Me sit på biblioteket. Her er utklippsbøkene til Randi, om Granvin kulturhus si historie sett gjennom utklipp frå VTB, TA og Varden. Sju permar har det blitt, men fleire vil det bli.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP