I studio for ei god sak
«Liti Kjersti» rungar i studio når det er kvedarjentene står bak mikrofonane. Vinje kulturskule spelar inn CD til inntekt for TV-aksjonen. 22. oktober er det plateslepp og konsert.
Fem blide kvedarjenter vimar rundt i Blåmann-lokala på Vinjehuset. No har dei pause, etter å ha brukt dei siste timane på å synge «Liti Kjersti» mange gonger i det improviserte lydstudioet i musikkrommet på Vinjehuset. Dei fem er solistar, og har med seg fleire litt ferskare elevar i koret.
Eit par av jentene har vore med på CD-innspeling før, då Vinje oppvekstsenter var med som kor då «Heim til Vinje» blei spela inn. Elles er dette nytt for dei fleste. Og ja – det er litt rart å høyre seg sjølv synge:
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg blei ganske overraska over at eg hadde så ljos stemme, smiler Liv Mondal Ljostad.
Jentene er glade i å synge. Men om dei har noko førebilete når det gjeld kvedinga og songen? Dei dreg på det. Eigentleg ikkje. Bortsett frå Aurora Lie Verpe:
– Pappa er førebiletet mitt. Han er veldig god til å synge, seier ho bestemt.
Hjelp til to millionar menneske
Utvalde elevar i Vinje kulturskule er med på CD-innspelinga, som går føre seg over fleire helger. 22. oktober er det plateslepp under TV-aksjonskonserten på Vinjehuset, der alle inntekter går til Raudekrossen. Den nasjonale aksjonen skal gje over to millionar menneske livsviktig hjelp, ifylgje NRK og Raudekrossen. Pengane skal syte for mat, vatn, medisinar og tryggleik for dei som bur i område med krig og konflikt.