Ingebjørg og Odd på heimebane
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har i kveld fylt Vinjehuset.
Ti år etter at Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratland la ut på sin feira «Heimafrå»-turné med utrulege 134 konsertar, er dei igjen på turné. Tysdag var turen komen til Vinjehuset i Åmot.
Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Turneen starta i Asker i slutten av september. I morgon spelar dei på Hovden. Seinare i haust og vinter kjem dei mellom anna til Porsgrunn og Skien.
Artikkelen held fram under annonsen.