Vil halde fram: Asbjørg Øygarden Neset (Sp) oppmoda kommunestyrekollegaene til å gå for endringsframlegget til partifelle Tone Edland og halde fram med dagens modell, der Raulandsakademiet sjølv har ansvaret for kursverksemda. Arkivfoto.
Geir Ufs
Ingen røysta for formannskapets vedtak – frykta å miste samlingsplassen
Kommunestyret i Vinje vil halde fram med dagens modell, og seier nei til at Universitetet i Søraust-Noreg tek over kursverksemda ved Raulandsakademiet.
– Det er eit spesielt formannskap me har ... kommenterte ordførar Jon Rikard Kleven torsdag, etter at han hadde lest opp resultatet av voteringa der tilrådinga frå kommunens øvste utval ikkje fekk ei einaste røyst.
Formannskapet var vel og merke delte då dei handsama saka. Tre av medlemmene ynskte, etter framlegg frå Tone Edland, å søkje tettare samarbeid, men å vidareføre dagens modell. Dei tre andre fylgde rådmannens tilråding – at USN skulle ta over den faglege kursverksemda ved akademiet. Ordføraren var blant dei sistnemnde, og dobbeltrøysta hans vart utslagsgjevande då.
Då saka var i kommunestyret torsdag, fremja Edland forslaget på nytt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP