Kviler ikkje: I 2015 blei Inger Johanne Uldal Kåsa tildelt Seljord kommunes kulturpris. Men ho kviler ikkje på laurbæra.
Anne Sofie Tresland
Inger Johanne (74) er leiar både i pensjonistlaget og ungdomslaget. – Då eg blei valt til leiar, måtte eg melde meg inn
Somme gonger blir omgrep som eldsjel og trugen dugnadsarbeidar for veike. Innsatsen Inger Johanne Uldal Kåsa legg ned, og har lagt ned, i friviljug lagsarbeid i heimbygda Seljord, er fenomenal.
– Å treffe folk, synest eg er moro. Og i lagsarbeid treffer eg òg nye folk, svarar Inger Johanne då ho blir spurt om drivkrafta bak engasjementet sitt.
Seljord pensjonistlag har dei seinare åra slite med å få folk til styret. Ei stund var det snakk om at laget, som vart stifta i 1949, same året som Inger Johanne blei fødd, måtte leggje ned. Det syntest Inger Johanne at var for ille. Ho hadde møtt på eit vanleg medlemsmøte, men var ikkje medlem av pensjonistlaget då ho blei spurt om å ta på seg leiarvervet.
– Så då eg blei valt til leiar, måtte eg melde meg inn, ler ho.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP