Tone Haugen Romtveit har gode minne frå Vinje. Røtene i Vest-Telemark er utgangspunktet for debutsingelen «Spor etter deg».
Tone Haugen Romtveit har gode minne frå Vinje. Røtene i Vest-Telemark er utgangspunktet for debutsingelen «Spor etter deg».

Inspirert av røtene i Vest-Telemark

Tone Haugen Romtveit (35) tek utgangspunkt i minnet etter bestefaren på Vinjesvingen når ho debuterer med singelen «Spor etter deg».

– Han trakka opp veg når det snødde ute, og eg fylgde etter i spora hans. Når me kom inn var det fram med fela, eit dikt eller ei vise. Det sette spor, seier Tone Haugen Romtveit om kvifor debutsingelen har fått namnet «Spor etter deg».

Romtveit voks opp på Dalen og i Seljord. Då ho var seks år gamal flytta familien til Lillehammer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid lengta tilbake til Vest-Telemark og synest liksom eg høyrde heime der. Besteforeldra mine, Annbjørg og Aslak Romtveit, budde på Vinjesvingen og eg var mykje der i oppveksten. Framleis tek eg turen til Vinje for å besøke besta som nå bur i Åmot, fortel Romtveit.

Held dialekten ved like

Ho har vokse opp med, og er inspirert av folkemusikken i Vest-Telemark.

– Eg har høyrt mykje kveding gjennom oppveksten, og i vaksen alder har eg lytta mykje til eldre opptak for å betre meg innan songstilen. Gjennom kvedinga held eg dialekten ved like, seier ho.

– Eg er spesielt glad i stev, både tonar og tekstar. Når eg diktar tekst og tonar hentar eg inspirasjonen frå den folkemusikken eg kjenner, held ho fram.

På innspelinga har ho med seg Oscar Jansen på tangent. Opptaket er miksa og mastra av Endre Kirkesola i Dub studio. Musikken er tilgjengeleg på Spotify, Itunes og andre strøymekanalar.

Her kan du høyre songen

Songpedagog

Den utflytta vesttelen har studert både jazz og folkemusikk. Ho har mastergrad i tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark og har studert jazzimprovisasjon, ensembleleiing og pedagogikk ved Universitetet i Stavanger. Det siste året har ho budd på Hamar der ho har vore songpedagog på Ringsaker kulturskule. I haust byrjar ho som songpedagog ved Gjøvik vidaregåande skule. Romtveit arbeider også som formidlar ved Prøysenhuset der ho under Prøysenfestivalen vil halde konsertar saman med kollegar.