Inspirert frå Arabygdi
I 1996 gav Sverre Øygarden (1926–1999) ut diktsamlinga «Kvilesteinar», for ein stor del dikt inspirert frå heimbygda Arabygdi. No gjev etterkomarane hans ut dikta på nytt, i utvida utgåve.
«Eg ser dei for meg –
kvilesteinane
Artikkelen held fram under annonsen.
eit sete i berget
eller steinar
som berre låg der
Når vaksne karar
bar ei tung bør til gards
var det så altfor mange
av desse steinane
Artikkelen held fram under annonsen.
fordi eg sprang lettføtt
utan bør
Seinare fekk eg bruk for dei
Med lette bører
gjekk eg forbi
mange av steinane
Artikkelen held fram under annonsen.
med tyngre bører
brukte eg fleire
Og no –
står ikkje kvilesteinane
tett nok»
Det er titteldiktet i «Kvilesteinar og andre dikt». Etterkomarane etter Sverre Øygarden; Sigrid Øygarden, Helga Øygarden, Anne Øygarden Eikill, og Åse Øygarden, har teke med ni dikt som er skrivne etter at diktsamlinga kom ut i 1996. Sverre Øygarden var då 70 år, og gav ut samlinga med dikt han hadde skrive over lang tid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– I denne boka har vi samla både gamle og nyare dikt, nokre underfundige og andre litt «blå», skriv utgjevarane. Dei opplyser at dei også har funne ein del teikningar og nokre akvarellar etter Sverre, som dei har «krydra» diktsamlinga med.
Pedagog og kulturmenneske
Sverre Øygarden var fødd og oppvaksen i Arabygdi. «Sverre var pedagog og kulturmenneske og viste tidleg kreative evner slik det kjem til uttrykk i denne boka gjennom dikt og teikningar,» presenterer utgjevarane han.
Han har vore lærar på Edland og Rjukan. Han studerte pedagogikk og psykologi på Universitetet i Oslo, var skulepsykolog i Tinn, og blei seinare universitetslektor i pedagogikk og undervisningsleiar ved Pedagogisk seminar ved Universitetet i Oslo.
Han var aktiv i kulturlivet og politikk i Rælingen, og fekk kulturprisen der i 1999.
Då han gav ut «Kvilesteinar» i 1996, sa han til Vest-Telemark blad at han hadde skrive dikt i lang tid.
– Eg prøvde lenge å skrive rim, dikt og små tekstar utan at eg syntest det blei noko brukbart. Så tok eg til å skrive ned ein del inntrykk frå min eigen barndom – og dette utløyste assosiasjonar og stemningar som ikkje er knytt til tid og stad. Desse tankane har eg prøva å setje ord på.
Han seier til avisa at han med diktsamlinga vil formidle noko daglegdags og enkelt.
– Ofte har tekstane vore lengre, og så skjer eg vekk det som ikkje synest nødvendig. Då blir det litt betre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heimlege minne
Det er ikkje tvil om at Øygarden hentar mykje av dei daglegdagse inntrykka frå heimlege trakter. Som «Gamlevegen», frå den tida det enno ikkje var køyreveg til Arabygdi.
«Vegen ut av bygda
var ein smal gangstig
som krøkte seg fram
langsmed vatnet
Folk som kom innom
kunne ikkje forstå
Artikkelen held fram under annonsen.
korleis vi kunne greie oss
med så dårleg veg
Men vi som budde der
såg på einannan
og skjøna ikkje
korleis vi skulle ha
greidd oss forutan»
Men han tek også inn den nye tida:
Samtale med Myllaren
Folk som kom køyrande gjennom bygda
etter den store kraftutbygginga
sa at bygda var øydelagt
borte var den idylliske gangvegen
skjemmande kraftliner i aust og vers
og så det store uteanlegget plassert midt i synte på folk
sa dei
Eg gjekk til Kosi
sette med ned på steinen og tala med Myllaren
fortalde kva folk sa
At bygda var øydelagt og all idyll borte
Myllaren sat og grunda lenge
og så kom det:
– eg såg mykje armod i mi tid
og jamen fekk eg smaka armoda sjølv au
det var ikkje lett for bonna mine
men du veit eg visste det var krefter i fossen
og no har die lært å nytta desse kreftene
Så lyfte han hovudet og såg rett på meg
– til dei som klagar mest over det nye ville eg seia:
kom her ein haustkveld
like før sola går ned i glo bak Saubrekknuten
då skul alle strengene som skiraste gull
overstrenger og understrenger
og høgst oppi Suleskard, notestolen
heile bygda ser granngiveleg ut som ei storfele
Så lo han
– eg trur dei har kome til å reise meg eit minnesmerke
utan å vita det
synest du eg er innbilsk, sa han
– Nei, svara eg
– så pass stort bør eit minnesmerke vera
over ein så stor spilemann
Eg såg han lika svaret mitt