Hesteglede: Annveig Veum Aas i Hugljufur Islandshestforeining meiner kos og sosialt samvær på rideleiren er vel så viktig som treninga.

Instruksjon frå øvste hylle på rideleir i Fyresdal. – Det er verdt det

Hugljufur Islandshestforeining inviterte nok ein gong til fire dagar med riding og instruksjon i Fyresdal førre veke. I år var det ekstra stort fokus på hesten si velferd. – Det er mykje tid til kos og sosialt samvær, seier klubbleiar Annveig Veum Aas.

Publisert Sist oppdatert

Rideleiren held til på Dynja ridebane på Molandsmoen i Fyresdal, og har tilreisande islandshestentusiastar i tillegg til dei lokale medlemmane. Islandhesten kjenneteiknast blant anna med at han beherskar gangartane tølt og pass i tillegg til dei vanlege skritt, trav og galopp.

Fornøgd med dagens økt

Dei fleste deltakarane kjem med eigen hest, men tidlegare leiar og primus motor i klubben Kristine Berthelsen stiller ofte sine hestar til disposisjon om nokon treng å låne.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS