Internasjonalt veterantreff besøker Vest-Telemark

Over 200 deltakarar frå 15 nasjonar deltek på veteranmotorsykkeltreffet frå 3. til 6. august.

Publisert

Arrangørane av International Indian Rally Norway 2023 meiner at treffet er det største internasjonale veteranmotorsykkelarrangementet som til nå har blitt halde i Noreg, og treffet har base på Straand hotell i Vrådal.

– Me satsar på å vise deltakarane norsk natur og på utfluktene våre er målet å vise fram lokale kulturobjekt som Norsk Skieventyr, Eidsborg stavkyrkje, Kviteseid bygdetun, Troll bilen, kanalbåtpasseringar i Lunde og Z-museum i Treungen. I Vrådal køyrer me «hillclimb» opp til Vrådal Panorama, og me inviterer gjestene våre på tur med både veteranbuss og veteranbåten MS Fram. Fjoneferja er også eit interessant kulturobjekt, seier Arne Bjørn Hoel som er prosjektleiar hos Norsk Indian klubb.

Han seier at skodelystne mellom anna kan sjå motorsyklane når dei tar turen til Morgedal fredag før ordførar i Kviteseid opnar treffet på hotellet på kvelden. Laurdag blir deltakarane delt i ulike grupper, der nokon tar turen til Eidsborg, medan andre tar turen til bygdetunet i Kviteseid, Lunde og Treungen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS