Engasjerte: Lars Gunnar Veum og Silje Hagen vil ha ljos i flest mogleg gamle hus laurdag 14. desember. Foto: Elin Fjalestad/Åshild Emma Solbjør

Inviterer til ljosdugnad for tiande gong. – Saman kan me skape eit spektakulært syn og løfte fram bygningsarven

Lars Gunnar Veum og Silje Hagen håpar å sjå mange tende ljos i gamle bygg laurdag.

Publisert Sist oppdatert

I dag står 211 000 bustader ubudde i Noreg. Mange av desse i distrikta. Samstundes er det mange som ønskjer seg eit hus med sjel, eller eit småbruk. Gjennom prosjektet Ljos i gamle hus vil dei prøve å bremse forfall og tap av gamle hus, og heller sjå om husa kan få ei sentral rolle i ei berekraftig stadutvikling.

Prosjektet ønsker å ta vare på alt frå stavkyrkjer og prestegardar til høybuer og støylar. Målet er å skape ei forankring i historia samstundes som ein sikrar at bygningane får nye funksjonar i dagens samfunn.

– Me har utruleg mykje fin bygningsmasse og byggeskikk som kan bli bruka i ei moderne verd. Tenk om me hadde fått liv i alle grender igjen! Rundt om i Vest-Telemark står det mange grender og ventar på nytt liv og nye menneskje. Om det står tomt i dag, kan det hende nokon kan fylle husa med liv i morgon All bygningsmasse som representerer oss vesttelar, skal me ta vare på, seier Silje Hagen og Lars Gunnar Veum.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS