Ute på oppdrag: Magielevane Kari Potter (Vårin Frantzen), Hermann Gran (Olav Breiseth) og Ronja Vill-i-nikkersen (Kari Anne Staaland) har fått eit oppdrag frå rektor Biesurr: Finne ut korleis gompane i Øyfjell kjem i jolestemning.
Åshild Emma Solbjør
Jaktar på jolestemninga
Tøflus og nellikspikrar, lysande jolekuler og sukkersøte ballettdansarar er noko av det magielevane Kari Potter, Hermann Gran og Ronja Vill-i nikkersen oppdagar når dei prøver å finne ut korleis gompane i Øyfjell kjem i jolestemning.
Rektor Biesurr på Raudsinutane Akademi for Mystikk og Magi har oppdaga eit hol i gompologi-faget. Rett nok har jolefeiring i trollmannsverda mykje til felles med feiringa i den umagiske gompeverda, men det er ein del ting som gjev gompane jolestemning som trollmenn og hekser ikkje skjønar nokon ting av.
Biesurr sender derfor tre magielevar på oppdrag for å finne ut meir om desse underlege fenomena, og Ronja Vill-i-nikkersen, Hermann Gran og Kari Potter kastar seg på sopelimane for å finne ut meir. Dei møter mange kjente figurar på reisa si, og frå kvar av dei får dei med seg eit jolestemning-objekt.
Blånissane i Øyfjell gjev bort ei raudnisseluve, ungane i Svingen spanderer ein lussekatt, Julius i Snøfall kan avsjå ei lysande jolekule, og Gjertrud gjev opp å få eit kyss av Olaf og donerer mistelteinen til dei tre unge magikarane.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP