Geir Thomas Risåsen gler seg over at ein av våre eldste juletradisjonar har fått ein renessanse. Foto: Peder Skjelten / NTB / NPK
Juleekspert spår at nokre norske juletradisjonar døyr ut – men éin står sterkare enn nokon gong
Fleire gamle norske juletradisjonar er til stades i høgtidsfeiringa dag, men utanlandspåverknad har også sette spor dei siste 20 åra. Éin av dei eldste tradisjonane er derimot tilbake sterkare i dag enn på lenge.
– Jula er den eldste og mest tradisjonsrike høgtida her til lands. Vi har skriftleg grunnlag på den tilbake til Haraldskvadet på 900-talet, der Harald Hårfagre seier han skal ut på havet og drikke jol.
Det seier juleekspert Geir Thomas Risåsen. Han er konservator ved Norsk Folkemuseum i Oslo og snakkar jul på inn- og utpust.
Gjennom hundreåra har utanlands påverknad fått innpass i Noreg og blitt ein del av tradisjonane våre, men Risåsen seier påverknaden aldri har skjedd raskare enn i dag. Ein person for 20 år sidan ville vore overraska om den fekk vite korleis høgtida blir feira i 2021.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP