Oppfylte draumen: Gisle A. Gjevestad Agledahl fortel om ynsket om å arrangere Vest-Telemarks fyrste Pride-tog i den fyrste episoden av sesong 16 av bloggerne. I august i fjor blei dette ein realitet i Fyresdal.

Kamera-teamet vart ein naturleg del av kvardagen

Gisle A. Gjevestad Agledahl er med i sesong 16 av Bloggerne på TV2, der han syner fram livet som influensar i Fyresdal. Omdømmeekspert Trond Blindheim trur både influensarprosjektet og serien vil bidra til å bygge kommunen som merkevare.

Publisert Sist oppdatert

I den fyrste episoden, som vart tilgjengeleg på TV2 Play måndag, møter me Agledal i lag med to veninner, Wilde og Martha, dagen før fyrstnemnde flyttar til Fyresdal og Vest-Telemark. Dei tre diskuterer forventningane til både livet på gard og livet på bygda, og Gisle fortel om planane han har for tida i Fyresdal.

– Eg har kjempelyst til å arrangere Pride der. Sjølv bruka eg utruleg mange år på å halde hovudet over vatnet. Det har vore ein lang prosess for å bli trygg og glad i heile meg som skeiv. Eg unner alle å vera det, men trur ikkje det naudsynleg er så lett langt ute på bygda, på ein bitteliten stad, fortel Agledahl i serien.

Episode to blir gjort tilgjengeleg tysdag, der ein mellom anna vil kunne fylgje Agledahl under kalving i Fyresdal.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS