Ute på oppdrag: Magielevane Kari Potter (Vårin Frantzen), Hermann Gran (Olav Breiseth) og Ronja Vill-i-nikkersen (Kari Anne Staaland) har fått eit oppdrag frå rektor Biesurr: Finne ut korleis gompane i Øyfjell kjem i jolestemning.

Jaktar på jolestemninga

Tøflus og nellikspikrar, lysande jolekuler og sukkersøte ballettdansarar er noko av det magielevane Kari Potter, Hermann Gran og Ronja Vill-i nikkersen oppdagar når dei prøver å finne ut korleis gompane i Øyfjell kjem i jolestemning.

Rektor Biesurr på Raudsinutane Akademi for Mystikk og Magi har oppdaga eit hol i gompologi-faget. Rett nok har jolefeiring i trollmannsverda mykje til felles med feiringa i den umagiske gompeverda, men det er ein del ting som gjev gompane jolestemning som trollmenn og hekser ikkje skjønar nokon ting av.

Biesurr sender derfor tre magielevar på oppdrag for å finne ut meir om desse underlege fenomena, og Ronja Vill-i-nikkersen, Hermann Gran og Kari Potter kastar seg på sopelimane for å finne ut meir. Dei møter mange kjente figurar på reisa si, og frå kvar av dei får dei med seg eit jolestemning-objekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blånissane i Øyfjell gjev bort ei raudnisseluve, ungane i Svingen spanderer ein lussekatt, Julius i Snøfall kan avsjå ei lysande jolekule, og Gjertrud gjev opp å få eit kyss av Olaf og donerer mistelteinen til dei tre unge magikarane.

Blåfjell/Øyfjell: Bohdan Yushchenko som geita Blåne i Øyfjell.
Hymne til Øyfjell

Lærarane Lena Øygarden Gåstjønn og Britt Marie Staaland har i samarbeid med ungane laga både manus og songtekstar til bygdekvelden. Hymne til Blåfjell var ein av tekstane det truleg var ganske lett å skrive om til lokale forhold.

Hør er den beste staden på jorda?

Den beste staden er Øyfjell

Hør er den reinaste, blåaste lufta?

Den reinaste lufta har Øyfjell.

Hør renn det reinaste, blåaste vatnet?

Det renn i bekken i Øyfjell.

Den kvitaste snoen som finst her i verden, er snoen me har i Øyfjell.

Kven lokkar og leikar og lever i Øyfjell?

Me blånissar lever i Øyfjell.

Øyfjell. Øyfjell.

Me blånissar lever i Øyfjell.

På bui til Torild er det skomakargate-stemning og nellik-appelsin å få, hos fire sukkersøte ballettdansarar får dei med seg ein nøtteknekkar-figur, medan dyra i Kakebakeskogen byr på peparkaker.

På vegen gjennom gompebygda hjelper dei dessutan Sonja med ein lumos-formel slik at jolestjerna skin att.

Snøfall: Jolenissen Julius i Snøfall (Irma Skog) les jolebrev og bles ønska inn i jolekuler. Eit brev frå Marie går slik: "Kjære jolenissen, eg ønskjer at eg var den sprekaste i verda." Eitt anna brev går slik: "Kjære jolenissen, eg ønskjer så gjerne å bli statsminister. Med beste helsing frå Jon R."
Jol i Svingen: Fyrsteklassingen Benjamin Unhjem Johnsson var med i Luciatoget i Svingen.
Nøtteknekkarar: Magielevane hamnar midt oppi øvinga til balletten Nøtteknekkaren. Her er to av ballettdansarane i ensemblet "the sugarplum fairies" – Halvor Seltveit og Heine Vinjerui-Bergland.
Lumos: Sonja (Ingebjørg Brendjord Hylland) framfører den lengtande songen til jolestjerna med klokkeklar røyst. Så får ho tips om ein trylleformel av magielevane, og dermed blir det ljos i stjerna på ein-to-tre.
Kakebakar: Enya Opsalhagen Flatland som bestemor Skogmus i "Kakebakeskogen". Ho gjev magielevane peparkaker.

Dessverre får gompane i Øyfjell med seg at tre mystiske ungar flyg rundt på sopelime og stiller merkelege spørsmål, og desse rykta har lokalavisa fanga opp og sett på trykk. Rektor Biesurr sender derfor ut tre professorar for å justere minna til gompane.

Samstundes har dei tre magielevane køyrd seg fast hos Høggaren, for dei klarte å knekke sopelimen då dei landa der, og utan den kjem dei seg ikkje heim att.

Høggaren prøver å trøyste dei med litt ferdigpizza, men dei takkar nei. Då dreg Høggaren på seg Thanos sin magiske hanske og sender elevane heim til akademiet – med sekken full av gompejolestemning.

Trøbbel: Rektor Biesurr (Ingrid Jensen) les i VTB at magielevane ho har sendt på oppdrag har blitt sett av gompar i bygda.
Velvillig: Professor Hyggelid (Sanna Drivarbekk-Åmot) tek entusiastisk imot minnejusteringsoppdraget.
Uvillig: Professor Sur (Amanda Testad Vargas) er ikkje særleg fornøgd med å måtte ut og justere gompeminne.

– Det lyser jo av dei

Den fyrste bygdekvelden i Øyfjell vart skipa det året grendehuset stod ferdig, attende i 1981. Sidan det har dette store tverrfaglege skuleprosjektet vore eit fast innslag så og seie kvart år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I publikum sit det mange frå tidlegare elevgenerasjonar, som veit korleis det er å stå bak sceneteppet og høyre stemmesurret auke på medan stolradene fyllest opp.

– Eg kjenner den kjensla i magen berre eg kjem inn i salen her på trim, smiler ein tidlegare elev som nå sjølv er mor og tilskodar.

Midt på dei fyrste stolradene sit dei to som er bygdekveldens mødrer. Ingrid Britt Teie Hestdalen og Tone Lognvik har vore med på å stelle til brorparten av dei over førti framsyningane som har vore gjennom åra. Det er nokre år sidan Hestdalen pensjonerte seg, men for Lognvik er det fyrste året på sidelina.

Opphavet: Bygdekveldens «mødrer» Ingrid Britt Teie Hestdalen (t.v.) og Tone Lognvik sit midt på dei to fremste radene. Særleg for Lognvik er det ei uvant oppleving, for dette er fyrste gong ho ikkje er bak scenen med ungane.

Heilt på sidelina greidde ho likevel ikkje å vere, for i går kom ho på at det ikkje var sikkert at nokon hadde tenkt på at det vert mørkt på sjølve framsyninga. Manuslampa dei har brukt i alle år har jo ho tatt med heimafrå.

– Det hadde dei ikkje tenkt på. Så då tok eg ho med, seier Lognvik og nikkar mot lampa som står midt framom scenen. Så vert det mørkt i salen, og framsyninga tek til.

Over to timar med song, skodespel og dans seinare reiser dei to damene seg og klappar og jublar saman med resten av den fullsette salen.

– Så moro, og så på unganes premissar, rosar Hestdalen.

– Det lyser jo av dei at dette har dei lyst til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Populær kveld: Ein halvtime før bygdekvelden tek til er det allereie tilløp til kø utanfor Øyfjell grendehus.
Blomar og takk: FAU-leiar Kjersti Rorgemoen takkar både ungane og dei vaksne for den flotte framsyninga, og lovar ein belønningsdag på nyåret med masse aktivitet og leik. Ho har også med ein blom til alle store og små som har bidrege til framsyninga.
Heile skulen: Tradisjonen tru tek alle elevane avslutningssongen ein ekstra gong med blomar i hendene. Publikum har også fått teksten utdelt og vert inviterte med på allsong, og refrenget går slik: «Tid til jolekos i pysj og dress, forutan mas og stress, med jolegraut og kakefest, i Øyfjells vakre vinterland.». Magieleven nærast er tredjeklassingen Aksel Christenson Aarhus.
Fyrsteklassingar: Magielevane besøker Svingen, og i Luciatoget syng Ella Seim Angre og Lavrans Mølster Byggland. Dei er begge med på bygdekveldscenen for fyrste gong i år.
Fyrstereisnisse: Ella Seim Angre som ein liten blånisse i Øyfjell.
Femteklassing: Høggaren, spela av Viljar Huitfeldt Kielland.
Femteklassing: Gabriela Testad Vargas som blånissen Turte i Øyfjell.
Sjetteklassing: Magielevane hamnar midt oppi øvinga til balletten Nøtteknekkaren. Her er ein av ensemblet "the sugarplum fairies" – Tord Rorgemoen Mohaugen.
Sjetteklassingar: Alle bruspulverguttene har dobbeltnamn som startar på Hans-, dei rører ivrig ut bruspulver i stettglas, og snakkar i feminin fistel. Her er to av dei – spela av Ragnar Rorgemoen (t.v.) og Aasmund Nordstoga.
Sjuandeklassing: Professor Trongsynt (Erle Vinjerui-Bergland) nektar å justere gompeminner, og vil heller halde fram undervisninga si om den kjende gompen Henrik Ibsen,.
Sjuandeklassingar: Både Sanna Drivarbekk-Åmot (t.v.) og Erle Vinjerui-Bergland er i avgangskullet på Øyfjell skule. Dei scenevande jentene både dansar, spelar roller og syng med stor innleving.
Sjuandeklassing: Vårin Frantzen som Kari Potter, magielev ved "Raudsinutane Akademi for Mystikk og Magi".
Sjuandeklassingar: Elevane ved "Raudsinutane Akademi for Mystikk og Magi" er mest vande med å spele rumpeldunk, men her har to av dei tatt på seg Vinje Goats-drakter og testa ut gompe-sporten basket – f.v. Mikael Dalen og Anton Norendal.
Pause må ein ha: Ingen bygdekveld utan kakebord.