Helsar velkomen: Karl Torgny Holte er på plass på brygga både morgon og kveld. Han har aldri registrert fleire turistar i Lårdal.
Symre Taugbøl Bang
Karl Torgny har aldri helsa fleire velkomen på brygga
Kvar morgon og kveld tar Karl Torgny Holte imot kanalbåten til Lårdal bryggje. Han meiner fjorårets rekord alt kan vere slått.
I 2007 fekk prosjektet Lårdal liv laga 2 millionar i statleg støtte for å utvikle bygda. Ein vill ide om å lage ein ny, spektakulær tursti med utsikt over Bandak blei realisert gjennom brennande eldsjeler og stor dugnadsinnsats. Det den gong ukjende og attgrodde terrenget er i dag ein turistmagnet for den vesle bygda i Tokke.
På eit år blei ukjent skog og mark omgjort til ein spektakulær 14 km lang tur frå Eidsborg til Lårdal. I sommar, 12 år etter opninga, er det full trafikk langs stien som trekker turistar frå heile landet.
Frå ringebåt til rutebåt
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP