Kjærleiksdrama og familieløyndom frå Fyresdal
Veslemøy Solberg har i haust gitt ut den historiske romanen Dikt og drøm. Basert på verkelege hendingar, avdekkjer boka ein familieløyndom som har vore skjult i over 100 år.
Veslemøy Solberg, opphavleg frå Bø, har grave i den ukjende historia til tippoldemor si frå Fyresdal. Historia om Torbjørg Rinden og Ivar Mortensson er basert på verkelege hendingar. Det fyrste møtet mellom Torbjørg og Ivar i Lårdal i 1879 skulle få stor betyding for dei begge.
Blant dei viktigaste kjeldene Solberg har bruka i boka, er ei stor samling brev frå Ivar til Torbjørg, skrive i perioden 1879–1883, og gamle postkort, bilete dokument og brev frå Torbjørg og familien i Åslandsgrend.
I boka nøstar Solberg opp ei historie, ein familieløyndom, som har vore gøymt og gløymt i over 100 år.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP