Klingen til Bakstelauget fekk heidersmerke
Gro Hommo, Inger Marie Bakås og Anne Underberg i Bakstelauget blei tysdag tildelt heidersmerket Spesialitet av Landbruks- og matminister Olaug Bollestad.
– Den skal bli meir kjent enn Vestlandslefsa, sa Gro Hommo då VTB besøkte dei tre damene med totalt 66 år baksteerfaring i Morgedal i mai.
Hommo frå Øyfjell, Bakås frå Morgedal og Underberg frå Gvarv har gått saman om klingen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tysdag blei dei heidra med heidersmerket Spesialitet då statsråd Olaug Bollestad besøkte Sauherad.
- Lefser er norsk tradisjon der bakstedamene kjente sitt kjevle. Lefsekling frå Telemark tek både vare på tradisjonen, handverket og gjev deg ein himmelsk smak som smeltar i munn, sa landbruks- og matminister Olaug Bollestad under Spesialitet-tildelinga hos Telefrukt AS i Gvarv.
Det melder stiftinga Matmerk i ei pressemelding. Ifylgje stiftinga er klingen den fyrste lefsa i landet som får dette merket.
Om Bakstelaugets Kling sa fagjuryen at den har ein søt og innbjodande smak med fin konsistens. Den ber preg av godt handverk og den er rein og autentisk.
– Klingen utmerker seg som ei lefse i særklasse, meinte juryen.
Spesialitet
Spesialitet er eit offisielt norsk informasjonsmerke som blir tildelt Noregs beste lokalmat- og drikke. Merket skal lyfte fram lokalmat- og drikke med særlege kvalitetar og gjere den enkel å finne i butikken.
Spesialitet garanterer at maten eller drikken er basert på norske råvarer, laga av særeigne lokale oppskrifter, laga av dyktige mathandverkarar og vurdert og godkjent av ein uavhengig fagjury med høg matfagleg kompetanse.
Kjelde: Matmerk
Klingen frå Bakstelauget er nominert, som eitt av åtte produkt, i kategorien «bakst» når Det Norske Måltid kårar det ypparste innan mat og drikke i Noreg. Delfinalane er i midten av september. Tre av produkta går til finalen, melder bakeri.net.
Finalistar i kategorien «årets bakst»
Sirupstynnkake, Sirupstynnkakebakeriet – Innlandet
Lefsekling, Leveld lefsebakeri – Viken
Tortillas, Como Mexico – Rogaland
Ekte gårdsvafler, Kilnes gård – Trøndelag
Fermentert frøknekk, Lykkemat – Trøndelag
Granola, Grini hjemmebakeri – Viken
Kling lefse, Bakstelauget – Vestfold og Telemark
Gårdsbakeriets groviser, Bakke gård Simostranda – Viken
Artikkelen held fram under annonsen.