Stiller ut: Knut Flatin stiller ut på Kviteseid bygdetun i sommar.
Einar Søreide
Knut Flatin med måleriutstilling på Kviteseid bygdetun
– Fint å kunne gje dette tilbake til Kviteseid, seier Knut Flatin i samband med at Kviteseid Bygdetun sundag opna sommarsesongen med ei måleriutstilling av seljordkunstnaren.
Knut Flatin bur like ved kommunegrensa, og fortel at han er sterkt knytt til Kviteseid og Åsgrend, og at han gjekk på folkeskulen der.
Usikkert vêr gjorde at ein valde å vere inne i Utsondhalli og dette skapte ei ekstra fin ramme kring opninga. Dei mange som fylte utstillingslokalet fekk då sitje midt blant Knut Flatin sine mange store og flotte måleria og fekk høyre og lære meir om målaren og grafikaren som bur på Ramberg i Nordbygdi.
Syskenbarnet Sigrid Eilevstjønn fortalde med innsikt om morssekta til Knut Flatin som kom frå Nordskog i Morgedal. Mor til Knut, Anna, og syskena hennar synte alle store og ulike kreative evner, men ikkje alle fekk tid og høve til å utvikle desse.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP