Kommunale kulturkroner til song og trall
Formannskapet i Seljord stør samarbeidsprosjektet mellom frivilligsentralen og kyrkja med 12 000 kroner til babysong og småbarnstrall.
Frivilligsentralen i Seljord skriv i søknaden til kommunen at dei i fjor haust starta eit prosjekt saman med Seljord kyrkje der føresette og barn opp til 5 år kjem saman ein gong i månaden for å synge på frivilligsentralen. Det blir servert enkel, gratis lunsj.
– Dette er ein arena der folk møtast på tvers av til dømes barselgrupper, sosiale grupper og bustad. Prosjektet minskar einsemd hos unge vaksne/vaksne i kommunen, og kan gjere kommunen meir attraktiv for barnefamiliar og bidra til at innbyggjartalet veks, skriv dagleg leiar ved frivilligsentralen, Rikke Christine Roseng og diakon og trusopplærar Ingunn Liseter i søknaden.
Dei legg også til at babysongen sin tverrfaglege og samanskapande aktivitet i lokalsamfunnet også kan vere helsefremjande.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP