Skal kartlegge: Seljord kommune skal sjå om kommunale bygg og anlegg er godt nok universelt utforma slik at så mange som mogleg av innbyggjarane kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.
Cecilie Ausland
Kommunen har fått pengar til å kartlegge kor gode dei er på universell utforming
Er kommunale bygg eller parkar universelt utforma, eller kva må til for å få dei til å bli det? Nå har Kulturdepartementet gjeve Seljord kommune pengar for å kartlegge stoda i kommunale bygg og anlegg.
Alle fylkeskommunar og nærare 60 kommunar deltek i KS (kommunesektorens interesse- og arbeidsgjevarorganisasjon i Noreg) sitt kommunenettverk for universell utforming. KS får økonomisk støtte frå KUD (Kultur- og likestillingsdepartementet) til å drive nettverket.
Nå blir det delt ut pengar gjennom ein tilskotsordning der kommunane og fylkeskommunane som er medlem av KS-nettverket for universell utforming får høve til å gjennomføre prosjekt innan registrering og kartleggingsarbeid, tidleg prosjektering og samarbeid og kompetansenettverk. Den grunnleggande ideen bak universell utforming er å utforme samfunnet slik at så mange som mogleg kan delta aktivt uavhengig av funksjonsevne.
Einaste i Vestfold og Telemark
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP