Konsert på Granvin
Flatdal skulekorps, Seljord skulemusikk og songelevar frå kulturskulen i Seljord med dirigentane Oddbjørn Aase og Ingri Elise Engeland ved roret skipar til konsert på Granvin kulturhus sundag.
Korpsa og elevane har øvd på kjente musikkstykke frå filmar som Ringenes Herre, Frost og Harry Potter. I tillegg skal dei spela klassiske stykke som Nøtteknekkeren. Dei yngste i korpsa har øvd på eigne stykke som Baby Shark og På ski.
Artikkelen held fram under annonsen.
Me gler oss til å få spela for eit publikum att og håpar mange tek vegen til Granvin på sundag, seier Anne Torunn Øverbø, styreleiar i Seljord skulemusikk.