Nato-hjelp: Flatdal skulekorps og Seljord skulemusikk fekk til slutt skyss av NATO etter dei sundag måtte underhalde seg sjølv i timesvis langs ein tysk veg etter at bussen deira fekk motorstopp.
Privat
Korpset var stranda langs tysk veg i timevis – så fekk dei hjelp frå NATO
Seljord skulemusikk og Flatdal skulekorps fekk eit lengre, ufriviljug opphald langs ein tysk motorveg sundag.
Korpsmusikarane er for tida på tur til Weissenhausenstrand i nærleiken av Lubeck i Tyskland. På veg ned sundag fekk bussen dei sat på i motorstopp, kring halvannan times køyring frå hotellet deira.
– Reiseselskapet vårt klarte ikkje å oppdrive bussar då det var Kielfestival og NATO-øving i nærleiken. Me blei ståande i vegkanten i time etter time i varmt vêr. Heldigvis hadde me skugge å trekke inn i, fortel Sara Fjågesund Aase på vegner av musikarane og foreldra som er med på turen.
Det var ikkje problem å få tida til å gå – korpset tok naturleg nok ei øving, dei leika og heldt seg i gang med ulike aktivitetar. Til slutt blei gruppa oppdaga av ein lokal politipatrulje som kom bort.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP