Eit hektisk og artig spel som krev litt konsentrasjon. Foto: lautapelit.fi
Krim på eitt brett: Her er brettspelguiden for ei skummel påske
Så går vi mot ei ny påske med strenge smitteverntiltak, og då er det berre å hugse rådet til statsministeren frå i fjor: Finn fram brettspela og skap den rette påskestemninga heime.
Storbyferie og hotellovernattingar blir verande ein fjern draum for mange denne påska. Når smittetala aukar, og virusmutantar truar, gjer vi som i fjor: Held oss heime. Og då kan kanskje spenning på spelfronten vere med på å sprite opp dagane.
– Det er mange grunnar til at brettspela står seg godt, for det gjer dei – år etter år. Dei representerer noko ein kan gjere i fellesskap og noko ein kan konsentrere seg om saman, seier Remo Rehder. Han er gründeren av Brettspillguiden – ei uavhengig forbrukaropplysningsside om brettspel. Få har tilsvarande oversikt og kunnskap om brettspelbransjen, og i år har han teke på seg jobben med på plukke fram nokre gode krimspel.
– Her på berget er påska av ein eller annan mystisk grunn knytt til krim og spenning. Det finst mange brettspel som nettopp av den grunn burde passe oss veldig godt, seier spelentusiasten som meiner folk er alt for redde for å prøve seg på eit heilt nytt spel. Dei held seg ofte til klassikarar som Yatzy, Alias, Monopol, Scrabble og Ludo.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP